
Beklagar tørka!
august 30, 2009Folk har byrja å kommentere kor daudt det har vore på bloggen min i lang tid, noko eg er fullt klar over. Kunne sagt at det er fordi lite har skjedd så eg ikkje har hatt noko å skrive om, men det hadde vore løgn! Mykje har skjedd og eg skal prøve å skrive noko om det no.
Den største endringa sidan sist er at eg har flytta til Stavanger. Som mange veit var det eigentleg Bergen som var målet, men då eg ikkje kom inn på skule der bestemte eg meg relativt fort for å flytte kropp og sjel til Oljebyen. Skulen har eg vorte positivt overraska over. Ein interessant og givande studie (sosionom) og ikkje minst mange kjekke studentar! Den første tida har eg budd hjå Mariann, men i dag fekk eg vite at eg har fått meg hybel! Skal bli litt godt å kunne pakke ut og sleppe å bu i ein koffert, men eg kjem nok også til å sakne å bu her hjå mi kjære veninne!
Fadderveka var full av kjekke aktivitetar, men 3 dagar før den var slutt måtte kroppen min gi tapt etter 7 dagar med høgt alkoholkonsum. Ein ting er uansett sikkert; eg vart kjend med mange i klassen og hadde det veldig kjekt dei dagane eg deltok!
Nokre bilete frå fadderveka:





Helga før eg kom til Stavanger tilbragte eg i Bergen by saman med mine kjære veninner. Eg og Cilke reiste først og var med Arin nokre dagar før resten ankom den regntunge byen. Vi åt deilig frukost, var på shopping og fekk i oss litt alkohol på kvelden. Det var duka for konsert med sjølvaste Alan Jackson, noko som forøvrig vart ei særs våt oppleving! Eg var våt, kald og trøytt då eg hadde klart å komme meg heim etter 2,5 timar i busskø! Då me fann ut at me skulle gå ut att på byn etterpå vart alt mykje betre.. Det hadde slutta å regne og det var masse folk ute. Dette endte med at eg og Mariann gjekk kvert til sitt med kjende folk og møttes igjen kl.5. Den siste dagen eg var i Bergen var eg på kino med Arin og Stian. Bra film med bra folk!
Legg ut nokre bilete frå denne helga òg:




No vart dette meir enn lagt nok, og eg reknar med at det er heller få som har interesse av alt. Kunne sagt mykje om sommarferien òg, sidan det var den beste sommaren eg nokon gong har opplevd, men det hadde vore vanskeleg å plukke ut noko å skrive om, då det hadde vorte alt for langt! Legg istaden ut nokre minnerike bilete. Eit bilete seier som kjent meir enn 1000 ord!









