
Brrr!
mars 31, 2009Då eg såg ut vindauga i 2.time på skulen i dag vart eg deprimert! Det regna, sludda og snødde om eit anna. Alt i ein dårleg blanding. Eg har hatt tru på at sommaren var rett rundt hjørna fleire gonger i det siste med dagar med sol og varme, den gong ei. I friminuttet etterpå fekk eg ei påminning om at i dag var siste sjangs for å ta russeknuten der ein må bade før 1. april. Verkeleg rette dagen må eg seie!! Så, rett etter skulen bar det av garde ned mot den iskalde fjorden. Det vart nok det ein kan kalle ein kort badetur, men bading er bading! Det var faktisk ikkje så gale som eg hadde trudd. Kan hende grunnen var at det var så kaldt at det lamma meg litt så eg ikkje kjende smerten.
Bevis må til:


Ellers har eg hatt ein finfin dag : ) Har til og med prøvd Velte-Petter! Statens Vegvesen var på besøk på skulen for å snakke med russen, og etterpå skulle vi få oppleve kor viktig det er med belte. Ute på parkeringsplassen hadde dei ein hengar med ein bil på. Ikkje ein korleis som helst bil. Nei, bilen snurra rundt. Og då meiner eg rundt som i opp-ned. Kjende faktisk kor godt belte held ein att. Klarte nok ikkje heilt å sjå det seriøse i det, og gjorde det vel mest for moroskuld. Dessutan var det litt komisk å sitte inni der med Ann Kristin som verka lettare skremd. Det vart litt skriking og spørsmål om kva eg hadde fått ho med på, men litt moro var det vel? : P Når bilen hang opp ned stoppa ho dama den og, så vi såg rett i bakken. Små barn, store gleder seier berre eg! : D
No har eg besøk av Rakel! Det er blitt fast kver dag no når ho bur her i Balestrand og pendlar i Høyanger. Vi sit for det meste på kver vår data og delar alt me føler for gjennom ord og latter. Seinare på kvelden vert det som alltid Paradise Hotel og noko godt å bite i : ) Det gode er for tida ofte frukt og grønt. Me har nemleg gått inn for å verte sunnare, og det går overraskande bra så langt! : )
Men no vart detta litt langt ser eg! Får gi meg her og heller komme sterkare tilbake om ikkje så altfor lenge!
Takk for meg og mine, drit i adle hine! ; )
Hehe, det va ikkje direkte varmt da vi bada heller nei, men no har vi jo allerede gjort unna 2 russeknuta:D
God påske Bergitte=)
God påske Heidi =)