Arkiv for mars, 2009

h1

Brrr!

mars 31, 2009

Då eg såg ut vindauga i 2.time på skulen i dag vart eg deprimert! Det regna, sludda og snødde om eit anna. Alt i ein dårleg blanding. Eg har hatt tru på at sommaren var rett rundt hjørna fleire gonger i det siste med dagar med sol og varme, den gong ei. I friminuttet etterpå fekk eg ei påminning om at i dag var siste sjangs for å ta russeknuten der ein må bade før 1. april. Verkeleg rette dagen må eg seie!! Så, rett etter skulen bar det av garde ned mot den iskalde fjorden. Det vart nok det ein kan kalle ein kort badetur, men bading er bading! Det var faktisk ikkje så gale som eg hadde trudd. Kan hende grunnen var at det var så kaldt at det lamma meg litt så eg ikkje kjende smerten.

Bevis må til:

003

0101

Ellers har eg hatt ein finfin dag : ) Har til og med prøvd Velte-Petter! Statens Vegvesen var på besøk på skulen for å snakke med russen, og etterpå skulle vi få oppleve kor viktig det er med belte. Ute på parkeringsplassen hadde dei ein hengar med ein bil på. Ikkje ein korleis som helst bil. Nei, bilen snurra rundt. Og då meiner eg rundt som i opp-ned. Kjende faktisk kor godt belte held ein att. Klarte nok ikkje heilt å sjå det seriøse i det, og gjorde det vel mest for moroskuld. Dessutan var det litt komisk å sitte inni der med Ann Kristin som verka lettare skremd. Det vart litt skriking og spørsmål om kva eg hadde fått ho med på, men litt moro var det vel? : P Når bilen hang opp ned stoppa ho dama den og, så vi såg rett i bakken. Små barn, store gleder seier berre eg! : D

No har eg besøk av Rakel! Det er blitt fast kver dag no når ho bur her i Balestrand og pendlar i Høyanger. Vi sit for det meste på kver vår data og delar alt me føler for gjennom ord og latter. Seinare på kvelden vert det som alltid Paradise Hotel og noko godt å bite i : ) Det gode er for tida ofte frukt og grønt. Me har nemleg gått inn for å verte sunnare, og det går overraskande bra så langt! : )

frukt_grontMen no vart detta litt langt ser eg! Får gi meg her og heller komme sterkare tilbake om ikkje så altfor lenge!

Takk for meg og mine, drit i adle hine! ; )

h1

Help!

mars 26, 2009

1800-talet i Noreg er prega av ulike former for initiativ nedanfrå- både religiøst og politisk. På det religiøse området snakkar ein gjerne om vekkingrørsler. Interessant?! eeeeemm…NEEEEI! Eg sit her klokka 03:27 om natta og skal liksom lese til religionsprøve. Eg er så skulelei at dårlege unnskyldningar for å sleppe unna lesinga kjem som perler på ei snor. Datamaskina for eksempel. Er nok ikkje det luraste å ha innanfor rekkevidde når ein har ein prøve å lese til. Men drit og! Motivasjonen er som sunken i jorda, og setningane må lesast x-antal gonger for å gi det minste meining! Då er det ikkje mykje vits i å lese uansett!

hmm

Har nokon nokre gode tips til korleis å få med seg innhaldet i det faglege stoffet som ein ikkje tykkjer er interessant i det heile, men likevel må lære? Medan eg ventar på gode triks og tips skriv eg heller eit innlegg her : )

Ein dag for nokre veker sidan såg eg ein dokumentar på tv2. Den handla om narkomane, og deira liv. Eg innrømmer at eg sjølv alltid har vore ein av dei mange som berre ser uskuldig rundt seg og latar som om alt er fryd og gammen når ein går forbi ein tiggar. Men etter at eg fekk sjå korleis livet deira faktisk er fekk eg eit heilt nytt syn på ting. Det er jo i seg sjølv tragisk at det måtte ein dokumentar til for at eg skulle åpne auga. Men uansett. Sist eg var i bergen møtte eg ein mann som stod på bystasjonen med ein bunke blad i hendene og ein bunke blad ved sida av seg på golvet.

Slike blad: Megafon

cover112008liten

I den augneblinken eg kjøpte bladet vart den stakkars mannen 25 kr rikare. Han kjøpte det for 25 og selde det til meg for 50. Eg las det aldri. Hadde ikkje plass til det i veska, og fann ut at det viktigaste var at han hadde fått seg nokre kroner. Men neste gang skal eg lese det også! Satse på at eg lærer noko meir og vert endå meir bevisst på kva som skjer rundt meg.

h1

A weekend to remember!

mars 23, 2009

Då var russerevyen overstått! Er utruleg deilig, men samstundes tykkjer eg at sjølve framføringa kunne vart litt lengre. Vi fekk masse gode tilbakemeldingar frå tilskodarane, og følte sjølv at det gjekk bra. Opningsnummeret er nok det eg har høyrt mest positivt om, og det er nok mest grunna den enkle men tøffe koreografien.

russerevy-09

Denne helga har eg også hatt besøk av Rakel og Cilke! Er nok ingen eg har det så morro med. Kamilla skulle sjølvsagt vore her ho òg, men når ho prioritera statane framfor oss kan ho berre ha det så godt. Ho kjem nok sterkt tilbake i slutten av april med humoren og latterkulene sine! : ) No sit me altså her. Eg, Cilke og Rakel. Vi har kver sin stol. Vi har kver sin data. Vi har kver sine par med tøfler. Vi har kvert sitt glas me cola. Og ikkje minst: Vi har alltid kverandre <3

No når mor og far tok turen til varmare strøk og huset vart litt tomt var ikkje vegen til tastane på mobilen lang og eg ringte opp Cilke som bur hos meg heile veka. Og Rakel som var her i helga og kom tilbake i dag : )

- Pryden i huset mitt er vennene som vanker der - Ralph Waldo Emerson

fine-bilde-av-oss

I den siste tida når ikkje alt har vore heilt på topp for min del, har dei gjort dagane betre. Det har vore mykje stress og eg får ikkje alltid tid til det eg må og bør gjere. Ein vert sliten, og når det i tillegg ikkje er alt som klaffar reint psykisk så er det ingenting som er så viktig som gode vener! Ikkje nødvendigvis fordi eg treng å prate så mykje om det, men fordi eg veit at viss eg ein gong vil det så er dei der : ) Berre å ha dei her no er supert. Og som eg har sagt før: They make life worth living!

- En sann venn er en som kommer inn når resten av verden forsvinner ut – Walter Winchell

h1

Russ 09!

mars 17, 2009

russ-09

Sliten sit eg her etter ei lang øvingsøkt til revyen. Og fleire slike kveldar skal det bli. Eg har tru på at årets russerevy rett og slett vert heilt strååålande! Alle er hjarteleg velkomne på laurdag kl 20! Med Angela som revysjef og ca 40 samarbeidsvillige medruss kan ein jo ikkje tru noko anna. Dagane vert lange, men det er heilt imponerande kor mykje betre ting vert etter nokre timar med øving. No er det berre inspurten igjen før sceneteppet opnar deg og alle i salen forhåpentlegvis får seg ei knakandes god oppleving! Eg gler meg allereie!

Hadde det berre vore russerevyen som hadde teke tida vår denne veka hadde eg for storfornøgd. Men når ein i tillegg skal ha prøve, innlevering og elles mykje lekser vert det litt i det meste laget! Dei tre resterande dagane før revyen kjem nok til å gå forbi i ein susande fart utan at ein heilt får fullført skulearbeidet på den beste måten, men det må lærarane tåle. Eg tek det hvertfall ikkje så tungt når dette er eit eingongstilfelle. Då er det betre å ofre litt meir for revyen som er eit minne for livet, og som i bunn og grunn betyr så uendeleg mykje meir!

Det å vere nesten i mål med revyen gjev oss ein liten forsmak på russetida. Sjølv om det fortsatt er ein god månad til det heile brakar laust for alvor er det kjekt å kunne dra på seg russebuksa og kjenne at slutten på tre år (fire for min del) med vidaregåande er rett rundt hjørnet!

Dette betyr også at det ikkje er lenge til landstreffet i Kongeparken!!

topp_logo_01

I år må eg diverre velje vekk Balejazz til fordel for russefeiringa i Stavanger. At dei er lagt til same helg er jo utgjort, men det ligg ikkje i mi makt å gjere noko med. Eg har stor tru på at Kongeparken ikkje kjem til å skuffe meg! Med ei artistliste som dette kan ein vel ikkje forvente noko anna enn skråling og skåling til tusen?

Artistar – Landstreff i Kongeparken 09:

Paperboys

Karpe Diem

Bigbang

Busta Rhymes

Turboneger

Postgirobygget

Skambankt

Raske Menn

Benny Benassi

Yves Larock

Alex Gaudino

Dj Jus Ske

Marit Larsen

Steve Aoki

Heroes & Zeroes

Annie

Guru Josh Project

Faith SFX

Djuma Soundsystem

Grand Island

Jarle Berhoft

Howl

Name

The New Wine

Booty Luv

Chris Lee

Goldfinger & Myerz

Freddy & the Casuals

Juicy

Marius Sommerfeldt

Kan ein ynskje meir!?

Klarar nesten ikkje vente til denne helga kjem! Og heldig som eg er skal eg dele den med Ellen & Angela!

ellen-og-angela1

Etter at russerevyen er over kjem det ein oppdatering frå denne stressande tida.. Berre å byrje å glede seg!

h1

Love it!

mars 8, 2009

Då var atter ei strålande helg over. På torsdag var eg med Halvor og Are, som for øvrig meinte at me skulle reise på ein impuls-tur til Sverige dagen etterpå. Kjenner eg oss rett så hadde det nok skjedd òg viss det ikkje var for at eg skulle spele kamp i går, Lørdag.

007

Fredagskvelden hadde eg besøk av Cilke <3 Vi åt deilig wok med biffstrimler og såg norske talenter. Ellers lo me av stort sett alt! Fjortishumoren slo inn og kan du sei.. Men det må jo til i blant, og me hadde det kjempekoseleg. Etter ei stund vart me med Halvor og Are på råning, og dei var fortsatt klare for å reise til Sverige på 23-ferja. Men fornuften klarte heldigvis å innhente oss! Are var snill og tok fram setet sitt så Cilke skulle få goooood plass til føttene sine.. Det varte dog ikkje så lenge…!

010

Lørdagen spelte eg handballkamp, før me plasserte oss trygt framfor kver sin data i 4 timar. Deretter åt me og stelte oss opp til fest på Kvikne.

Først gjekk turen til Øyvind og Guna på vorspiel. Det bestod av mange kjekke folk og mykje godt å drikke.

019

Når me hadde varma opp traska me avgarde med augo sikta inn, og nasa vendt mot Kvikne’s Hotel. Her vart 50-årsdagen til ein eller to av karane i Jallarhorn feira. I Kviknesalen var det hèla i taket og stormande jubel, spesielt då den eviglevande songen Reiselyst vart framført.

021

Etter god nattmat heime hjå meg og alhoholen på veg ut av blodet var eg og Cilke klare for ei god og lang natt/morning  i djup søvn. Klokka 14:50 var me klare for å ta fatt på ein ny dag. Denne dagen har for det meste gått ut på å hente seg inn att til vekestart i måro. Eg køyrte Cilke inn til bussen halv 6 og takka ho for ei fin og minnerik helg!

h1

Holiday!

mars 3, 2009

Då var ferien ferdig. Eg trur dette er den kjekkaste vinterferien eg har hatt! Første helga hos Cilke var uforgløymeleg! Var utruleg kjekt å møte Arin igjen etter gamalt. Jentekvelden me hadde hjå ho kjem eg alltid til å hugse. Men dette skreiv eg jo om i det forrige innlegget så vi må vel prøve å komme oss litt vidare.. Etter helga hadde eg nokre rolege dagar heime som for det meste bestod av soving og avslapping, i tillegg til at eg vaska klede som eg skulle pakke ned igjen i til neste tur.

Denne gongen var det Skien som var reisemålet. Grunnen til at det vart akkurat Skien er at min kjære bror, Kevin bur der. Det vart endå ei kjekk helg! Torsdagen ca ein halvtime etter at eg kom fram var me på fotballtrening. Fredagskvelden var det festivitas. Først var me hjå søstera til ein kompis til Kevin før me var på Mets på Liverpoolkveld! Det gjekk ut på at det var Liverpoolquiz og visning av Liverpoolfilmar medan Liverpoolsangar dominerte høgtalarane. Eg gjekk for å møte Torleiv, ein gamal klassekamerat etter ei stund. Eg fekk æra av å besøke han heime før me reiste ut at på byn. Kjekt å møtast att etter så lang tid.

037

Lørdagen fekk me besøk av Bjørn Tore, eit søskenbarn av oss, som i tillegg er fadderen min. Me åt på kebabsjappa før me såg Liverpoolkamp, og dagens siste begivenhet var Bowling i Porsgrunn. Eg trudde verkeleg eg var betre i bowling enn det eg klarte å prestere denne kvelden! Må nok ein del meir øving til kan ein sei! Men kjekt var det no uansett!

Skulestarten vart hard, men eg fekk meg ei positiv overrasking. Timeplanen er endra og det gjer til at eg er ferdig på skulen kl 10 på mandagar! Det er jo rett og slett strålande! Noko som ikkje var like bra var at eg hadde prøve i førstetimen i dag. Men det gjekk no eigentleg heilt greit.

Ellers vil eg ynskje alle ein fortsatt fin kveld og ei strålande veke! Håpar alle har det supert!

Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.