Folk har byrja å kommentere kor daudt det har vore på bloggen min i lang tid, noko eg er fullt klar over. Kunne sagt at det er fordi lite har skjedd så eg ikkje har hatt noko å skrive om, men det hadde vore løgn! Mykje har skjedd og eg skal prøve å skrive noko om det no.
Den største endringa sidan sist er at eg har flytta til Stavanger. Som mange veit var det eigentleg Bergen som var målet, men då eg ikkje kom inn på skule der bestemte eg meg relativt fort for å flytte kropp og sjel til Oljebyen. Skulen har eg vorte positivt overraska over. Ein interessant og givande studie (sosionom) og ikkje minst mange kjekke studentar! Den første tida har eg budd hjå Mariann, men i dag fekk eg vite at eg har fått meg hybel! Skal bli litt godt å kunne pakke ut og sleppe å bu i ein koffert, men eg kjem nok også til å sakne å bu her hjå mi kjære veninne!
Fadderveka var full av kjekke aktivitetar, men 3 dagar før den var slutt måtte kroppen min gi tapt etter 7 dagar med høgt alkoholkonsum. Ein ting er uansett sikkert; eg vart kjend med mange i klassen og hadde det veldig kjekt dei dagane eg deltok!
Nokre bilete frå fadderveka:





Helga før eg kom til Stavanger tilbragte eg i Bergen by saman med mine kjære veninner. Eg og Cilke reiste først og var med Arin nokre dagar før resten ankom den regntunge byen. Vi åt deilig frukost, var på shopping og fekk i oss litt alkohol på kvelden. Det var duka for konsert med sjølvaste Alan Jackson, noko som forøvrig vart ei særs våt oppleving! Eg var våt, kald og trøytt då eg hadde klart å komme meg heim etter 2,5 timar i busskø! Då me fann ut at me skulle gå ut att på byn etterpå vart alt mykje betre.. Det hadde slutta å regne og det var masse folk ute. Dette endte med at eg og Mariann gjekk kvert til sitt med kjende folk og møttes igjen kl.5. Den siste dagen eg var i Bergen var eg på kino med Arin og Stian. Bra film med bra folk!
Legg ut nokre bilete frå denne helga òg:




No vart dette meir enn lagt nok, og eg reknar med at det er heller få som har interesse av alt. Kunne sagt mykje om sommarferien òg, sidan det var den beste sommaren eg nokon gong har opplevd, men det hadde vore vanskeleg å plukke ut noko å skrive om, då det hadde vorte alt for langt! Legg istaden ut nokre minnerike bilete. Eit bilete seier som kjent meir enn 1000 ord!













Noko som for øvrig ikkje var like kjekt var at det var så godt som umogeleg å komme seg heim dagen etterpå! Bussen eg trudde gjekk kl 10 viste seg å ikkje finnast. Neste bussen som skulle gå etter den tid reiste ikkje frå sogndal før 16.40! Det var uaktuelt for meg å sitte godt sliten og redusert på busstasjonen i så mange timar. Eg hadde også minimalt med batteri på telefonen og måtte bruke kvert minutt effektivt. Alt ordna seg då mitt kjære søskenbarn, Rune kom og køyrte meg til Hella der mamma hadde parkert bilen : ) og eg er så godt som sikker på at eg ikkje hadde promille då eg sette meg i bilen: )
Dåpen gjekk ut på at me skulle skli ned i eit basseng fylt med iskaldt vatn (og litt av Håvard sitt spytt), deretter skulle me rulle oss i mjøl, for så å bli spylt og til slutt få russehua vår med namnet på : ) Kjekke greier! : )
Kamilla (før ho kom heim vel å merke). Kjempe glad i deg! Utruleg kjekt å ha fått deg heim!






Men no vart detta litt langt ser eg! Får gi meg her og heller komme sterkare tilbake om ikkje så altfor lenge!










